onsdag 18. mars 2009

Slutten på ein epoke..

For ca 5 mnd sia skreiv eg her på bloggen min om fordelene med å jobbe på Hillesvåg Ullvarefabrikk. Fordelene er der ennå, men det er ikkje eg. I forrige veke fekk eg beskjed om at dei skulle gjøre drastiske kutt på arbeidstidene mine, på grunn av finans-krisa så pågår. Nå traff det oss og, og eg var den første det gjekk ut over.

I dag fekk eg attesten min i posten. Der sto det at eg har jobba der i over 4 år! Eg syns det er lenge, med tanke på at eg bare er 18 år. Føles som om dette er slutten på ein epoke! Er nok ein del eg ikkje kommer til å savne med den plassen, men trur nok det er masse eg kommer til å savne!

Dei tre damene i blå treningsdresser oppe på ull og garn, Anne-Lise, Mona og Else som alltid har nåkke kjekt å sei! Lunsjen på røykerommet på loftet. Det faktum at viss du var godtesjuk kan du ver sikker på å finne nåkke ein eller anna plass på huset. Telefonsamtalene med damer som spør ka eg heiter og er så nøgd med hjelpa dei har fått! Gamle Gunnar i midten av 70-åra som fremdeles springer i trappene. Seine kvelder på loftet sammen med Tonje, der me planlegger den fantastiske skrekkfilmen me skulle lage på fabrikken. At mamma har med seg lunsj til meg når eg kommer. At fruktmannen kommer annakvar fredag med det beste du kan finne av frukt! Vinlotteriet kvar fredag, som eg aldri vinner i, men kjekt er det likevel! Berit som tar med seg gamle hobbyting og perler til smykker o.l. til meg! Lørdagen det var stille i butikken og eg lærte Anette å lage hampsmykker. Dei fire vekene i sommar eg jobba fullt, og spesielt den veka eg jobba aleine med Mona. Alle varmlunsjene me hadde den vekå. Den gangen eg fant ut eg sku begynne å spå i hender, og fant ut eg skulle få et hav av unger (mulig eg leste feil då). Alle ideéne eg får når eg er i butikken (føler meg alltid så kreativ når eg er der!). Følelsen eg får når eg veit meir enn dei som har vert der kjempelenge. Terje som juksa til loddet mitt i vinlotteriet på bursdagen min, sånn at eg vant! Marie som ikkje ser 60 ut i det heile tatt! Alle knirkelydene når nåkken går. Når eg og Anette satt ute på trappa og såg på solformørkelsen heile dagen, i steden for å sitte på kontoret. Den gangen Øyvind busta meg i å sitte på facebook, fordi han satt på facebook sjøl! Å gå i den skumle mørke kjellaren på jakt etter lommelykt når strømmen gjekk. Kontor-utstyrs-skapet som har skaffa meg dei mest perfekte pennene nåkken sinne! Å jobbe med mamma, sjøl om det kan være det mest frustrerende i verden til tider. Koselige gamle damer! Det faktum at eg kjenner nesten alle som er innom etterkvert. Fotoshootsene med Torill. Å finne blindpunktene til overvåkningskamera så eg veit kor eg kan gjømme meg! Alle dei gode minnene!

Det har vert 4 lange år. Men dei virker ganske korte på avstand.
Eg kommer til å savne det.

I dag / i mårå sender eg inn cv og søknad til det som forhåpentligvis blir min neste jobb. Spennende.

Dette var nok mykje dødprat for deg, men tenkte eg ville få det ut.

mandag 9. mars 2009

Akk, krigen i venninegjengen er her! Rosettballet nærmer seg stygt og alle vil ha samme kjolen..i samme farge! Kem skal få an? Me wants!

Sukk..

Det måtte jo bli ein kjole som kom mellom oss..
(høhø)

fredag 27. februar 2009

onsdag 25. februar 2009

Song for Ina

Ja då var det avgjort! Om under 4 veker, mandag 23. mars skal eg spille solo med korpset mitt! Definitivt mitt nye stress-moment i kverdagen! I teorien ikkje et veldig vanskelig teknisk stykke, men å spille det fint er ein anna ting! Gleder meg jaffal til eg er ferdig med den!:P
Jaja..nok om det..Hør den ;) den er veldig fin :D

søndag 22. februar 2009

SØT :D


Åååå kor eg har lyst på ein liten pølsehund! Se kor søt an er da! =D
Springer rundt på sine maks korte bein..
EIN dag skal eg ha ein sånn! An skal være litt langhåra og brun! Gleda meg allerede! Men det må nok vente til eg har litt bedre tid.....og økonomi :)

Fastelaven


Fastelaven =
FastelavensBOLLER =

Krem og syltetøy på boller er rett og slett ein fantastisk kombinasjon:D

Gratulera med dagen=D


torsdag 29. januar 2009

Eit VARP!

I dag har egentlig ikkje vert nåkken spesielt god dag..Eg er trøtt, småsjuk, har vert på skulen, og nå er eg på jobb..Ikkje akkurat ideelt.
MEN! (merk det dramatiske men'et) I dag har eg anskaffa meg heile adobe cs3 pakken og 2007 microsoft office pakken! Heilt GRATIS! I adobe-pakken har eg blandt anna Photoshop, InDesign, Dreamweaver, Flash og masse anna kjekt!:D Og eg er ei jenta så har levd med OpenOffice i 2 år nå, og har savna microsoft stort!:P (Eg har jo et godt auge til Bill Gates;) høhø)
Nå blir det kjekt å leike seg på dataen!:D sjøl om an går betydelig seinare nå så eg har fylt harddisken kraftig opp! hihi
Må også nevne at å bli sjuk ei veke før NM IKKJE er et sjakktrekk:S
Jaja, nok om det!
Adios people!